Referat frå gruppeting 3. juni 2008
Tilstade: Erik Geber, Berit Hellene, Gerdt Vedeler, Matias Gjøstein Sundal, Øivind Svendsen, Tor-Atle Jensen, Bjørg Rørlien Bjørsvik, Brynhild Stavland, Kristin og Torill.
Sak 1: Konstituering
Innkallinga blei godkjend. Møteleiar: Erik. Referent: Brynhild.
Sak 2: Referat frå forrige møte
Referat frå årsmøte 29.01.08 blei godkjendt.
Sak 3: Rapport frå enhetane
Beverkoloni ved Gerdt
18 medlemmar. 13 barn f. 2000 går over til flokk. 5 barn f. 2001 igjen i kolonien. Godt frammøte, ca 15 på møta. Tilsaman 34 på telttur i Langeskogen (15 bever, 15 foreldre, 2 søsken, 2 ledarar). Hatt besøk av dagl. ledar i Hordaland krins.
Ulveflokk ved Brynhild
23 medlemmer. 11 går over til troppen. Godt frammøte på møta. 2 kull i VM, 6. og 10. plass. Flokken skal på telttur til Gåssand kommande helg.
Speidertropp ved Tor-Atle
Ca 30 medlemmer. Får stadig tilsig av nye. Godt frammøte på møta, dårlegare på helgearrangement i vår. Over 20 var med på vinterturen til Larsbu. Det er i overkant av kva det er plass til i hytta. 2 patruljar deltok i VM. Pinseleir avlyst pga få ledarar kunne stilla og tett med andre speidararrangement i mai. Planlagt sykkeltur frå Haugastøl til Flåm i august.
Roverlag ved Matias
8 medlemmer, 7 aktive på turar og møte. Hatt opptagelse av nye medlemmar. Prøver å få til ein sommartur.
Gruppe ved Erik
Fått inn over kr 21 000 i speideraksjonen. Stor innsats i alle enhetane. Hatt dugnad på Guldstølen. Fekk gjort mykje, m. a. skogrydding og tjærebreiing av hytta. Må halda fram med tjærebreiing inne. 17. mai: Fekk inn totalt kr 27 600, netto ca kr 21 000. 1/2 kartong fiskar igjen. Mange av gruppas medlemmer soknar ikkje til Bønes skole. Det blir difor færre foreldre å dela vaktene på. Kr 1 620 i bonus frå speidersport for 2006. Gruppeledar er invitert til arrangement i samband med at Bjarne Eide er tildelt Kongens fortjenestemedalje.
Sak 4: Kongo
Vi hadde besøk av Kjersti Werner og Hilde ... som viste bilete og fortalde frå besøket hos speidargruppa i Kongo. Vi diskuterte kva vi kunne gjera vidare for å halda kontakten med og støtte opp om speidargruppa vi har fått kontakt med i Kongo.
Sak 5: Terminliste
15. juni skal menigheten ha piknikk etter gudstenesta. Speidargruppa bedne om å arrangera. Erik tar seg av dette.
Felles sommaravslutning avlyst. Vi fekk ikkje plass på Lønningstrand slik vi hadde søkt om.
21. september: Turdag på Guldstølen.
16. november: Speidargudsteneste i Bønes kirke. Vi har ynskt oss familiegudsteneste.
5. november: Fanosmøte.
14. desember: Fakkeltog.
Gruppetur vinter 2009 skal vi reisa til Kvamskogen eller til Mjølfjell. Katteli kan vera aktuelt. Erik undersøkjer nærare.
Etter møtet var det grilling på terassen i fint sommarvær.