Referat fra årsmøte i gruppeting 27. januar 2009

 

Tilstade: Erik, Ida, Berit, Øivind, Matias, Kristin, Torill, Tor-Atle, Bjørg, Lars Øyvind, Brynhild.

 

Sak 1: Konstituering

 

Innkallinga blei godkjend utan merknader.

Erik blei vald til ordstyrar og Brynhild til referent.

 

Sak 2: Referat frå gruppeting 28. oktober 2008

 

Referatet blei godkjendt utan merknader.

 

Sak 3: Årsmøtesaker

 

Utkast til årsmelding godkjendt med fylgjande endringar:

- medlemstal i dei ulike enhetane endrast til ca-tal

- ulveflokk endrast til småspeiderflokk

- frifondmidlar under «annet». Beløpet skal vera 26530 kroner. Pengane er brukte til klatreutstyr, julefest for roverlag/førerpatrulje og til tilskott til Trekløver-Gilwell trening.

 

Regnskap for 2008 godkjendt med revisors merknader.

 

Val

Gruppeledar 1 år: Erik Geber

Gruppestyre 1 år: Gerdt Vedeler, Tor-Atle Jensen, Morten Svendal Hatlen og Lars Øyvind Lien

Kasserar 1 år: Wenche Eide

Revisor 1 år: Anny Svendsen

 

Representantar til Kretsting (totalt 11):

Gruppeledar

1 representant frå beverkolonien

1 representant frå småspeiderflokken

1 representant frå speidertroppen

1 representant frå roverlag

2 representantar frå gruppestyret

4 speider-/roverrepresentantar

  

Sak 4: Rapport frå enhetane

 

Koloni v/ Berit

7-8 stiller på møta. Tradisjonelle møteaktivitetar. Skøytemøte neste gong. Vurderer skriv for verving av fleire medlemmer.

 

Flokk v/ Brynhild

27 medlemmer. 5 ledarar som før jul. Godt frammøte, ivrige barn. Tradisjonelle møteaktivitetar. Skøytemøte neste gong, planlagt besøk på Laksevåg brannstasjon.

 

Tropp v/ Tor-Atle

I underkant av 30 stiller på møta. Godt frammøte og god innsats. Patruljemøta til jentepatruljane fungerer godt. Gutepatruljane treng meir oppfølging. Planlagt tur til Finse i mars og til Bergsdalen i pinsehelga. Reknar med mange på landsleir til sommaren.

 

Lag v/ Matias

7 medlemmer. Ikkje hatt møte etter jul. Vellukka gallamiddag før jul.

 

Gruppe/styre v/ Erik

- Fakkeltog i Langeskogen i des. ca 150 deltakarar

- Fanosmøte hos Øvsttun i november

- Ledarsamling 23. januar

- Vil senda pengegåve på 5000 til speidargruppa i Kongo via pinsemenighetens ytremisjon. Planlegg å få sendt pakke m/ merke og skjerf når det blir høve til det.

- Vil gje startgåve til Sandsli speidargruppe

- Styret jobbar med å finna nytt lager helst på Bønes, vanskeleg å finna eigna lokale.

- Planlagt gudnad på Guldstølen i april

- Har fått kopi av gåvebrev + div andre dokument vedr. Guldstølen

- Det vil truleg bli nødvendig med vandelsattest også for speidarledarar. NSF jobbar med saka.

- 1. februar start for «grasrotandelen». Frivillige organisasjonar kan få 5 % av spelepengar frå pengespel. Spelarane kan velgja kven dei vil gje pengar til. Bønes speidergruppe har registrert seg.

- Gruppetur til Katteli 20. - 22. februar. Planlegginga i rute.

 

Sak 5: Arrangement 1. halvår 2009

 

- Gruppetur 20.-22.02.

- Fanosmøte 11.03.

- Bønesdagen 28.03. Gerdt ansvarleg for opplegget. Troppen er på tur til Finse. Øvrige ledarar må bidra.

- Palmesøndagstreff på Guldstølen 05.04. Erik ansvarleg.

- Speideraksjonen flytta 1 veke. Troppen har aksjonsdag 27. april, flokken 29. april. Opplegg som før.

- Fanosmanøver 19.04. 1. Skjold ansvarleg.

- Miljødag på Guldstølen 25. april. Dette er same helg som VM i speiding.

- 17. mai arrangement på Bønes skole som vanleg.

- Felles sommaravslutning for heile speidargruppa 08.06. Planlegg å ha arrangement i området v/ speidarhuset til 1. Skjold og låna kanoar hos dei.

 

Sak 6: Evt.

 

Inn-/utmeldingar kan sendast til Bjørg inntil vidare. Ventar på nytt system for medlemsregister.

 

Møtet avslutta kl 20.00 med påfylgjande kveldsmat.

 

Referent

 

Brynhild.