Ulveflokkens tur til Turnerhytten

23 ulvungar og seks vaksne var med på turen, som varte frå fredag 10. til laurdag 11. september. Som det går fram av bileta, starta vi i strålande sommarvêr på fredag. Vi tok Ulriksbanen opp og gjekk inn til Turnerhytten. Turen gjekk lett sjølv om vi hadde tunge sekker. Laurdagen blei det heller vått. Vi gjekk Indianerstien, og alle kom seg velberga ned sjølv om det var litt glatt. Vi stoppa på vegen og kokte suppe og leika. Mange av speidarane var våte og kalde, så vi korta inn på pausane og kom ned til Montana litt tidlegare enn planlagt.

Bilete frå turen ser du her.